Historie

Kutteren "Seladon" blei bygd som eit motordreve fiskefartøy av Andreas Svoldal i Hardanger i 1937
for to brødre fra Rekefjord i Sokndal, Wilhelm og Georg Gotfredsen.  

Navnet då var "Lill 2".

Frå 1937 til 1964 dreiv dei bankfiske med garn og line i Skagerak og Nordsjøen samt fraktfeart
utanom sesong. Fra 1964 til 1980  reketråling.

I 1980 kjøpte Einar Matre og Terje Skorpen fartøyet

I perioden 1980 til 1991 restaurerte og bygde dei to om fartøyet til seglfartøy.

Fartøyet fekk i 1990 navnet «Seladon».

 

Utover 1990 talet og heilt fram mot 2020 livnærte Einar og Terje seg av å segla » Seladon» og  kurs for born, ungdom og

vaksne med base på Smedholmen utanfor Fitjar. Kunnskapen deira om  kystkultur og lokalhistorie har dei formidla til

mange tusen menneske. For dette arbeidet og ombygginga av «Seladon» fekk dei  fleire    kulturprisar.  


"Seladon" har vore fleire gonger over Nordsjøen til Færøyane, Orknøyane og Shetland og vart landskjend då ho var med

i fjernsynsseriane "Anno" og "Ingen Grenser".

 

I 2022 blei Foreningen Seglkutteren Seladon stifta.   Foreininga kjøpte samstundes "Seladon".

 

 

Om Seladon

  • Lengde: 58 fot
  • Byggemateriale: furu
  • Motor: 6 cyl Scania 120 Hk
  • Mekanisk ankerspill
  • Rigg og seglføring som på tilsvarende fartøy fra 1800-tallet med to master, toppstang på stormasten og klyverbom.
  • Alle segl vert heist og manøvrert manuelt og utan bruk av vinsjer.
  • Nat og støtter er tettet med tjæredrev og bek.  
    Alle utvendige overflater er behandlet med blandinger av tretjære.
  • Bestikk- og mannskapslugar akter. Toalett og vask.
  • Lasterommet er innredet med bysse og 8 køyer.  Gass kokeapparat,  Pyro oljeovn
  • Forpigg: Toalett og vask, 4 køyer

 

Seladon kan segle med 12 passasjerar både på dagsturar og med overnatting om bord. Vi har også godkjenning til å segle med barnehagar, grunnskuleelevar og folkehøgskular. Då kan vi ha med inntil 35 personar. Det same gjeld ved turar for medlemmer av foreininga.

Bruk av Seladon

Vedtektene til foreninga forplikter oss til å ta vare på «Seladon», men også å segle henne. Turer for- og opplæring av barn og unge er prioritert høgt: 

  • «Seladon» skal fyrst og fremst nyttast til praktisk og teoretisk opplæring av born og unge i segling, sjømannskap, navigasjon og andre maritime fag og tradisjonar. Formidling av kystkultur, miljø og resursbruk vil og inngå i undervisninga.»
  •  Båtførerprøven står og på programmet, både teori og praksis. Også nattseglas.
  • Vi tilbyr også turar for vaksne: Verksemder, private grupper og asylsøkjarar er velkomne om bord, og sjølvsagt har vi mange tilbod for foreininga sine eigne medlemmer.  
  • Fisketurar ut i øyane er populært. Du kan og vera «medseglar» og læra litt segling og sjømannskap som til dømes stå til rors og knop og stikk.

 På mange vis vidarefører vi arbeidet og opplegget til Einar og Terje. Dei er og begge med i foreininga. Einar er ofte skipper på turane og Terje er med og gjer viktig arbeid ombord.